lørdag 6. desember 2008

Vinterstemning i nord!

Etter ein relativt grå og trist vinter i Bergen i fjor, var det eit hyggeleg gjensyn med Kong vinter igjen her i nord i år. Allereie i midten av november la det seg eit kvitt lag med snø seg på bakken over Salten-distriktet, og når det først kom litt fann han som forvaltar nedbørsressursane der oppe ut at det like gjerne kunne komme meir. Mykje meir! Plutseleg låg det 40-50 cm snø og det var berre å leite fram skia i full fart, litt tidlegare enn planlagt... No har det gått 2-3 veker og temperaturen har vært stabilt under 0 grader, så skiføret har etterkvart blitt ganske så bra.



Det låg ei viss spenning rundt korleis det ville gå å ha Ventus med på skitur, men dette har gått over all forventning. Han er eit skikkelig arbeidsjern, og må bremsast ofte så han ikkje får noko langtidsplager. Men han ser iallfall ut til å elske å trekke, så det lovar jo godt for vinterturar i framtida.



Ellers har vi òg vore på eit par jaktturar, men med den snømengda som har kome den siste tida, blir det rett og slett litt i overkant for hundane. Det er så vidt dei klarer å bykse seg fram i laussnøen, så rypene har i grunn vore like trygge som om vi ikkje hadde gått med hund! Men ein erfarer jo heile tida. Februar og mars er nok bedre med tanke på trening i fuglesituasjonar, så det blir spennande!




Kor er rypene?

Desemberdag i øvre Valnesfjord!

torsdag 30. oktober 2008

Bilder frå hausten i Valnesfjord!

Ein innhaldsrik og flott haust har begynt å bevege seg godt over i vinter, her er nokre små glimt frå hausten 2008 i Nordland!









søndag 10. august 2008

Ein suveren sommar er over!

Så var august allereie godt i gang, og både tobeinte og firbeinte kan sjå tilbake på ein særdeles vellukka sommarferie. Det vart snaue 3 veker i heimbygda Sandane, som viste seg frå si aller beste side med nydeleg sommarvær og temperaturar som kan konkurrere med dei fleste reisemål i Star Tour sin sommarkatalog...

Eit visst spenningsmoment var det knytta til korleis Ventus kom til å finne seg til rette i nye omgjevnader på vestlandet, men dette viste seg å gå heilt uproblematisk. Han såg ut til å storkose seg, sikkert mykje takka være uvanleg mykje oppmerksomhet og kjærleg omsorg frå andre familiemedlemmar.


I godværet vart det sjøvsagt rom for mange fine turar og andre sommarlege aktivitetar som fisking, bading, solkremsmøremaraton (kanskje neste nye OL-grein?), grilling, grilling og... nevnte eg grilling? Ja, for uten god grillmat og drikke duger helten ikke som det jo heiter! Trur nok eg satte ny personleg rekord iallfall! Det kan likevel diskuterast om dette hadde noko positiv innverknad på fiskelukka, for det var ikkje alltid like lett å overbevise fisken om at sluken min smakte like bra som fisken på grillen :-) Men nokre fiskar vart det likevel, det må jo nemnast! Ventus på si side hadde dessutan sin debut som teltturist og såg ut til å trivast i den nye buformen. Kjekt å vite då det forhåpentlegvis vert mange fleire i tida som kjem.


Eg hadde mine debutar eg òg, med eit par turar til stader eg endå ikkje hadde vore på. Eg hadde mellom anna ein flott tur til Oldeskaret (frå Stardalen) og ein fantastisk tur på Skåla (1848 m.o.h.) saman med Arild. Sjølv om vi ikkje sikta oss inn på tider som det opererast med i fjelløpet "Skåla opp", fekk beina våre likevel merke stigninga på den drøye 8 km lange turen opp frå lodalen. Underteikna fekk i tillegg merke sola, som flittig malte nakken min med ein signalraud farge i løpet av turen. Solkremsmøremaraton var tydelegvis ikkje nok der nei...

Tilbake i nord-norge merkast det på temperaturen og fargane på lauvet at hausten snart står for døra, og eg ser fram til ei fin tid med hyppige turar i fjellet. Forhåpentlegvis blir det mange spennande augeblikk med Ventus, som ser ut til å ha vakna skikkelig for småfugl iallfall. Så er det berre å håpe at han synes det blir endå meir stas med ryper etterkvart, sjølv om det nok blir mest sjå-og-lær denne sesongen...

Takk for sommaren 2008, kanskje den beste på lenge!?


søndag 8. juni 2008

Endeleg sommar og sol!

Etter ein mai månad med temperaturar som til tider har vore faretruande nær den blå halvdelen av gradestokken, kom endeleg varmen og godværet ved månadskiftet mai/juni. Den siste veka har rett og slett vore fantastisk, med temperaturar på rundt 25 grader. Plutseleg er skogen rundt oss blitt grøn og fin, insekta har begynt å surre rundt i lufta og grasklipparane durar for fullt i hagane. Eg for min del har pussa vinterstøvet av fiskeutstyret og prøvd fiskelykka både ved sjøen og i eit par fjellvatn i området. Og sjølv om det har blitt dårleg med sjølvfiska middag, har iallfall dei verste abstinensane roa seg :-)


Elles har eg no flytta inn i ny leilighet nede i sivilisasjonen, ca. 1 km frå Straumsnes sentrum. Etter å ha budd "på jobb" sidan april var det godt å endeleg kome litt vekk frå senteret på fritida. Her er dessutan upåklagelege turområder i umiddelbar nærleik til huset, noko både eg og Ventus satte stor pris på. Det er foreløpig litt som manglar av møblement og innredning, men takka være mine to gode vener Bent og Carine, som både har fungert som flyttebyrå og lånt ut møblement har eg iallfall fått på plass det viktigaste. Stor takk til dei :-)

På Ventus-fronten er det òg utvikling å spore. Han veks for kvar dag som går og er no over 10 kg, ca dobbelt så tung som han var når eg henta han for litt over ein månad sidan. Han òg har strekt seg mykje og den verste kvalpe-looken er no eit tilbakelagt stadium. Denne helga var han med på sin hittil lengste tur, då vi var på fisketur på eit fjell i nærleiken. Sjølv om han fortsatt er litt småskeptisk i ukjent terreng, gjekk turen kjempefint. Han er overraskande uthaldande, skjønar at han må drikke når vi går forbi bekkar og vatn og held seg i nærleiken av meg heile tida. Han har òg fått sett både sau og reinsdyr i fjellet, og sjølv om han nok heilt sikkert lurte på kva det var for noko, holdt han seg rolig og satte seg ned og berre kikka på dei med nyskjerrig blikk.

Han har òg vore på besøk med Lago og Keron i helga (Bent og Carine sine 2 Gordon-setterar...), og har fått ein solid dose med leik og sprell. Han og Keron har funne ein spesielt god tone og kan herje vilt i timevis utan å gå lei. Lago er meir roleg og slenger seg berre med i leiken når han føler for det. Uansett artig å sjå at dei går så godt overeins!


Ein kost er òg stor stas å "slåss" med, både for liten og stor. Her er det Lago og Ventus som prøver å rappe kosten frå Bent...

mandag 12. mai 2008

Småkald pinsehelg!

Så var pinsa over for i år, og medan folk lenger sør rapporterar om sol, blå himmel og shorts-temperatur har tilstanden vært noko annleis her i nord. Temperaturane har dei siste dagane vært rundt 2-4 grader, og kvite flak frå lufta har med jevne mellomrom prøvd å dekke marka og halde våren unna ei lita stund til. Det var difor med eit aldri så lite sjokk at Ventus småtrøtt vagla ut døra søndags morgon og fikk sjå at bakken plutselig var blitt kvit... Men det tok ikkje lang tid før han spratt rundt som om snø var det mest naturlege i verden!


Uansett har det vært ei super helg, der eg har fått tilbringe mykje tid ilag med tassen. I og med at eg har vært på jobb heile veka, var det godt å få 3 heile dagar til å bli bedre kjent, reise på småturar og drive litt dressur. Merka allereie at han er blitt mykje tryggare på både meg og dei nye omgivnadane, og han vert meir og meir kontaksøkande ovanfor meg. Samstundes blir han tøffare for kvar dag som går, spesielt ute, og kan godt springe litt i overkant langt innover i skauen før han plutselig oppdagar at han er langt vekke frå "far". Då kjem han som regel i full guffe tilbake igjen, tilsynelatande alltid like glad for gjensynet...



På dressur-fronten er det òg framgang å spore, sjølv om det går smått framover. Han har no lært seg å legge seg i kurven når eg gir beskjed, og sit på kommando når han er innan ein armlengdes radius frå meg. Ellers har han òg delvis lært seg å vente til han høyrer "værsågod" før han får kaste seg i matskåla... Men her må det jobbast vidare, for han har ein appetitt som ikkje liknar (eller kanskje liknar...) grisen og når han ser matskåla kan det nesten sjå ut som om han får eit epileptisk anfall av eit slag! Bra at han et iallfall!!




Han har òg fått helse på eit par "likesinna", då vi var på besøk i Nordvika her om dagen og presenterte han for Lago og Keron, to glade gordon setterar eigd av Bent Sollund og Carine Romness. Vi var ein smule spente før vi slapp dei lause ilag, men etter nokre minutt med "bli-kjent-leik" var det full fart i ca 2 timar i strekk og dei såg ut til å finne tonen veldig godt. Moro å sjå at dei gjekk så godt overeins, men når kvelden kom var Ventus heilt tom etter all sosialiseringa.



Hadde ellers ein morosam opplevelse på laurdag, då han såg ein liten fugl på plenen til naboen. Han vart då heilt stiv i blikket og satte seg ned medan han skalv som eit ospelauv i vinden. Var utrulig artig å sjå at han interesserar seg for pippipp allereie no, og forhåpentlegvis får eg sett fleire slike små situasjonar framover. Har òg tatt eit par turar på stranda for å sjå om vi såg nokre sjøfugl der, men der var det langt meir spennande ting å sjå på (og bite på..), som skjell, rekved og beinrestar.


Vel, pinsa er over for denne gong, og det var nok godt for begge å komme seg i hus igjen etter ei litt småkjølig helg!

søndag 4. mai 2008

Ventus på plass!

"Voff! Navnet er Ventus. Langevasslia`s Ventus!"
Etter at kjøpet av den tidlegare omtala blandingskvalpen av ulike årsaker og omstendigheiter gjekk i vasken, kunne i staden ein liten brun irsk setter (reinrasa...) ta sats og bykse ut av bilen oppe i dalen i Valnesfjord lørdag ettermiddag. Sjarmtrollet er frå Røa i Oslo, der eg var fredag og lørdag for å treffe både han og oppdrettarane og ta han med meg nordover. Flyturen frå Oslo gjekk over all forventning, og det same gjorde bilturen frå Bodø, sjølv om han vart litt utålmodig på slutten. Han lurte nok fælt på kor alle andre var der han sto som eit lite spørsmålsteikn, men nyskjerrig starta han ganske så raskt å utforske det meste han kom over både utanfor og inne i huset. Dette, i tillegg til den lange reisa, tok nok på for etter å ha fått i seg litt mat la han seg strak ut midt på golvet og forsvant ganske raskt inn i drømmeland...


Må ellers berre rose oppdrettarane for det arbeidet dei har lagt ned for kvalpane, han har tatt den enorme overgangen kjempebra hittil og det er nok mykje deira forteneste. Dei tok òg imot meg på ein fantastisk måte i Oslo, med både god mat, overnatting og transport til flyplassen. Så no er eg altså ein lykkelig eigar av ein flott irsk setter! Og sjølv om eg allereie har fått merke at utfordringane står i kø, gler eg meg til å sjå utviklinga framover og håpar og trur eg med Ventus har fått meg ein super kompis!

torsdag 1. mai 2008

Fantastisk 1. mai i Valnesfjord!

Med temperaturar opp mot det ein berre er vant med sommarstid, vart 1. mai ein av dei hittil finaste og varmaste dagane i år. Nokre meiner sikkert ein sånn dag burde nyttast til å markere arbeiderane sin kampdag og gå i tog med faner og full tjohei, men av ein eller anna grunn freista ikkje det så altfor mykje i dag!




I staden vart det for min del ein flott tur oppover mot Kvalhornet (utan faner og flagg...), etter litt "døsing" i formiddagssola nede i fjæra i Nordvik først. Litt sprøtt å kunne avkjøle beina i vannkanten på stranda først, for så å stå på ski nedover fjellet et par timar etterpå... Vått og tungt føre gjorde at det ikkje vart heilt til topps i dag, men nokre svingar i "slushen" fikk eg iallfall før eg kom ned i skauen der det vart lengre og lengre mellom snøflekkane... Vart nok den siste nedoverturen på ski denne sesongen, så no kan sommaren berre få komme!




torsdag 17. april 2008

Godt å være tilbake!

Så var første veka etter tilbakekomsten til Valnesfjord unnagjort, og eg må seie det var godt å være tilbake sjølv om det har vore hektiske dagar (og kveldar) sidan ankomst! Alle har vore utruleg hyggelige og tatt imot meg på ein super måte, noko eg set stor pris på. Ein del nye ting å sette seg inn i på jobb, men det har berre vore spennande så langt!
Eg har òg rekt å få meg eit par flotte skiturar allereie, mellom anna på Kvalhornet søndag, med nysnø og upåklagelige forhold for telemarksvingar som belønning på nedfarten! Satsar på at det vert fleire fine turar i tida framover...

Ellers ventar eg forhåpentlegvis selskap av ein firbeint liten krabat om eit par veker, noko eg glatt innrømmer vert over gjennomsnittet spennande! Tassen er ein fin blanding av gordon setter (50%), irsk setter (25%) og golden retriever (25%), og har visst arva "looken" til far (gordon setter). I utgongspunktet var eg ein smule skeptisk til kombinasjonen, men som ein god turkamerat i skog og fjell trur eg han kan bli heilt topp, forhåpentlegvis med gode trekk- og kløveigenskapar! Og har den mykje av det gode fugle-instinktet frå setter-sida, kan det jo verte verkeleg moro :-)

lørdag 5. april 2008

Bye bye Bergen...

Ja, så var tida komen for å ta farvel med byen mellom dei 7 fjell og peike nasen nordover igjen... Etter 6 månader med regn, sludd og opplevinga av å sjå ein heil by gå totalt av hengslene på grunn av eit fotballag (ja, bergenserane er heilt galne...), ventar no ny jobb og nye utfordringar nord for polarsirkelen. Fauske i Nordland er staden som vert min nye heim framover. Og sjølv om eg kjem til å sakne alle kjente og kjære i byen skal det bli godt å sleppe eksos, buekorps og hissige taxi-sjåførar og endelig få trekke inn ekte frisk nordlandsluft igjen...

Eg gler meg :-)





Ulriken, med sin fantastiske utsikt, har gitt meg mange fine treningsøkter og har fungert som ei kjærkomen avkopling frå ein til tider hektisk kvardag. No blir det nok ei stund til neste gang...