lørdag 4. april 2009

Ryper i nabolaget...

I håp om å rette opp på ein heller bedrøveleg høst med tanke på fuglekontakt for Ventus, har det dei siste par månadane blitt mange helger på fjellet i leit etter fugl. Saltfjellet har bydd på mange flotte rypeterreng, men desverre har det nok vært mest av terreng og mindre av ryper... Det er likevel tydeleg at dei få situasjonane Ventus har fått i fugl har påverka jaktlysta merkbart. Han er ein heilt anna hund ute i terrenget no enn berre for eit par månader sidan, og kan glimte til med nokre skikkeleg gode slag innimellom. Båndtvangen kom med andre ord på eit lite gunstig tidspunkt, når det akkurat hadde begynt å bli litt fart i sakene.


Ventus i farta!

Det var difor ei svært positiv overrasking å sjå at Ventus på ein av våre "vanlege" lufteturar i skogen bak huset støkka opp 3 ryper for eit par veker sidan. Eg rakk vel ikkje eingong å tenke på å få sagt "sitt" før det var fleire hundre meter glissen bjørkeskog mellom meg og Ventus... Men eg valgte å sjå det positive i det tross alt; her bør det jo være kjempemuligheiter rett i nabolaget! Etter den episoden har det difor blitt mange turear bak i skogen, og rypene viser seg nesten kvar gong, noko som både Ventus og eg set stor pris på :-)


Så no er det berre å ligge i hardtrening framover og håpe at vårslappe ryper vil hjelpe oss med mange situasjonar i påska og vidare utover våren!




GOD PÅSKE TIL ALLE SAMMEN!

onsdag 4. mars 2009

29 + 1 års-feiring i fjellet!

Laurdag 28. februar var det aller 1. året til Ventus gått inn i historiebøkene, medan "far" på si side måtte innsjå at han heller nærma seg eit litt større og rundare tal...


Uansett var vi invitert til hyttetur på Saltfjellet med årets siste jaktmulighet og triveleg selskap av Bent, Carine (hyttevertar) og Lena (veninne av Carine). Med andre ord ei upåklageleg ramme rundt bursdagane :-)

Bursdagsbarnet viser stolt kor gammal han har blitt!


Etter ei middels vellyka helg med lite fugl og tildels gretne værgudar på same fjellet helga før, vart forventnigane skrudd opp eit par hakk før denne helga etter at Kristen Gislefoss i kjent positur kunne peike på ei diger sol over heile Salten-distriktet for laurdagen. Så fekk heller søndags-været bli som det måtte bli...

Mystiske spor i snøen...
Det har vore lite fuglekontakt for Ventus hittil, noko som for så vidt viste seg ganske tydeleg forrige helg, der det vart mykje "vimsing" på begynnelsen av dagane. Men han støkka likevel opp eit par ryper, og vart meir konsentrert og systematisk i søka utover dagen. Det var difor spennande å sjå korleis han fungerte med enda ei heil helg på fjellet, og forhåpentlegvis med enda meir fugl!

Laurdagen møtte oss med eit fantastisk vær; sol frå skyfri himmel og 10-12 kalde grader, og eg stilte meg sjølvsagt spørsmålet om kvifor ikkje godeste Gislefoss litt oftare kunne fortelle oss korleis været blir... Uten å gruble så altfor lenge på det, la eg ut på tur ilag med Bent, Lago og Ventus. Spora i snøen var imidlertid mange og ikkje berre av den typen som vi leita etter, noko som fortalde oss at det var fleire som ville utnytte siste jaktdagen i vintersola.


Til høgre: Bent speider etter rypene i sola!



Vi fekk likevel ein temmeleg bra dag, med relativt mykje fugl å sjå etterkvart. Ventus starta som forrige helg temmeleg usikkert og trengte tydeleg litt tid på seg for å kome i gang. Etter endt dag hadde han støkka opp 6 ryper, og jobba betre og betre i søk utover dagen, sjølv om han la etter som ein tulling i alle situasjonane... Jada, her er det MYKJE jobb som ventar ein uerfaren jeger- og hunde-eigar!


Søndagen spådde meldingane mindre sol og meir (u)vær, og vi var forberedt på ein laaang frokost før vi la ut på ein kortare tur. Om Gislefossen hadde eit ord med i laget òg denne dagen veit eg ikkje, men vi våkna iallfall til ein overraskande positiv dag på fjellet og munnvikane våre strekte seg med ein gong litt oppover i dei trøtte ansikta..


Som på laurdagen delte gutar og jenter lag før vi spente på oss skia og prøvde kvar våre nye områder å gå i, denne dagen uten hagle... Området var kjempeflott, og vi såg for oss hyggelege møter med minst like mange fugl som på laurdag. Men rypene glimra med sitt fråvær og dagen gjekk uten å sjå ein einaste fjærkledd skapning. Dermed kunne vi konstatere at jaktsesongen 2008/2009 fekk eit punktum utan rypekakling, og eg kan berre håpe at mykje solid jobbing fram mot hausten vil gje fruktbare resultat for min første skikkelege jaktsesong med hund!
Litt tidlig å bli grå i skjegget Ventus?