lørdag 4. april 2009

Ryper i nabolaget...

I håp om å rette opp på ein heller bedrøveleg høst med tanke på fuglekontakt for Ventus, har det dei siste par månadane blitt mange helger på fjellet i leit etter fugl. Saltfjellet har bydd på mange flotte rypeterreng, men desverre har det nok vært mest av terreng og mindre av ryper... Det er likevel tydeleg at dei få situasjonane Ventus har fått i fugl har påverka jaktlysta merkbart. Han er ein heilt anna hund ute i terrenget no enn berre for eit par månader sidan, og kan glimte til med nokre skikkeleg gode slag innimellom. Båndtvangen kom med andre ord på eit lite gunstig tidspunkt, når det akkurat hadde begynt å bli litt fart i sakene.


Ventus i farta!

Det var difor ei svært positiv overrasking å sjå at Ventus på ein av våre "vanlege" lufteturar i skogen bak huset støkka opp 3 ryper for eit par veker sidan. Eg rakk vel ikkje eingong å tenke på å få sagt "sitt" før det var fleire hundre meter glissen bjørkeskog mellom meg og Ventus... Men eg valgte å sjå det positive i det tross alt; her bør det jo være kjempemuligheiter rett i nabolaget! Etter den episoden har det difor blitt mange turear bak i skogen, og rypene viser seg nesten kvar gong, noko som både Ventus og eg set stor pris på :-)


Så no er det berre å ligge i hardtrening framover og håpe at vårslappe ryper vil hjelpe oss med mange situasjonar i påska og vidare utover våren!




GOD PÅSKE TIL ALLE SAMMEN!