søndag 10. august 2008

Ein suveren sommar er over!

Så var august allereie godt i gang, og både tobeinte og firbeinte kan sjå tilbake på ein særdeles vellukka sommarferie. Det vart snaue 3 veker i heimbygda Sandane, som viste seg frå si aller beste side med nydeleg sommarvær og temperaturar som kan konkurrere med dei fleste reisemål i Star Tour sin sommarkatalog...

Eit visst spenningsmoment var det knytta til korleis Ventus kom til å finne seg til rette i nye omgjevnader på vestlandet, men dette viste seg å gå heilt uproblematisk. Han såg ut til å storkose seg, sikkert mykje takka være uvanleg mykje oppmerksomhet og kjærleg omsorg frå andre familiemedlemmar.


I godværet vart det sjøvsagt rom for mange fine turar og andre sommarlege aktivitetar som fisking, bading, solkremsmøremaraton (kanskje neste nye OL-grein?), grilling, grilling og... nevnte eg grilling? Ja, for uten god grillmat og drikke duger helten ikke som det jo heiter! Trur nok eg satte ny personleg rekord iallfall! Det kan likevel diskuterast om dette hadde noko positiv innverknad på fiskelukka, for det var ikkje alltid like lett å overbevise fisken om at sluken min smakte like bra som fisken på grillen :-) Men nokre fiskar vart det likevel, det må jo nemnast! Ventus på si side hadde dessutan sin debut som teltturist og såg ut til å trivast i den nye buformen. Kjekt å vite då det forhåpentlegvis vert mange fleire i tida som kjem.


Eg hadde mine debutar eg òg, med eit par turar til stader eg endå ikkje hadde vore på. Eg hadde mellom anna ein flott tur til Oldeskaret (frå Stardalen) og ein fantastisk tur på Skåla (1848 m.o.h.) saman med Arild. Sjølv om vi ikkje sikta oss inn på tider som det opererast med i fjelløpet "Skåla opp", fekk beina våre likevel merke stigninga på den drøye 8 km lange turen opp frå lodalen. Underteikna fekk i tillegg merke sola, som flittig malte nakken min med ein signalraud farge i løpet av turen. Solkremsmøremaraton var tydelegvis ikkje nok der nei...

Tilbake i nord-norge merkast det på temperaturen og fargane på lauvet at hausten snart står for døra, og eg ser fram til ei fin tid med hyppige turar i fjellet. Forhåpentlegvis blir det mange spennande augeblikk med Ventus, som ser ut til å ha vakna skikkelig for småfugl iallfall. Så er det berre å håpe at han synes det blir endå meir stas med ryper etterkvart, sjølv om det nok blir mest sjå-og-lær denne sesongen...

Takk for sommaren 2008, kanskje den beste på lenge!?